Borgund Stavkyrkje

Borgund Stavkirke om sommeren

Kyrkja som overlevde

Sesong: 1. mai – 30. september
Opningstider: kl. 10.00–17.00 (11. juni – 21. august: kl. 08.00–20.00)

PRISAR.

Borgund Stavkyrkje ligg i Lærdal i Sogn. Kyrkja er bygd kring år 1180. Ho er svært godt bevart og den mest særmerkte av dei norske stavkyrkjene.

Kyrkja er vigsla til apostelen Andreas. Viktige kjenneteikn er den trinnvise oppbyggingen med svalgangar, omgangar, heva midtrom og takryttaren på toppen av sjølve taket og den skjelliknande spontekking av tak og veggar.

Konstruksjonen i stavkyrkja er basert på bruk av berande stavar og søyler. I heile bygningen er det ikkje ein einaste bolt eller nagel av metal.

Besøkssenter med utstilling om stavkyrkjene sin innverknad i det religiøse livet i mellomalderen. Ny utstilling «Unike Vikingtidsfunn» med funn frå tidleg Vikingtid (9. århundre). Her finn ein òg kafé, suvenirbutikk og stellerom. Det er flott  å sykle eller ta buss til Borgund stavkyrkje! Be om bussruter på vår e-post: borgund@fortidsminneforeningen.no. Sykkelleige hos Lærdal Feriepark, info@laerdalferiepark.com.

Borgund stavkyrkje vart kjøpt av Fortidsminneforeninga i 1877.

Tinging av omvising i sesongen:

tlf. 57 66 81 09 / e-post: borgund@fortidsminneforeningen.no