Det heilage rommet i Hopperstad Stavkyrkje
Du ser
- Hovudportalen mot vest, eit framståande døme på treskurd frå mellomalderen. Stridande drakar og bladranker viklar seg inn i kvarandre. Dørbladet har vakkert smijernsarbeid.
- Portal mot nord med enklare dyreornamentikk.
- Portal mot sør med vakre smijernsbeslag.
- Hopperstad Stavkyrkje er den einaste der den opphavlege, smale koropninga er teken vare på. Dei gjennombrotne felta på kvar side av opninga er sette inn i løpet av mellomalderen.
- Baldakinen frå omkring 1300 har danna tak over eit sidealter med ein madonna- eller helgenfigur. Dei måla motiva på himlingen fortel om korleis Jesus kom til verda, og om dei første leveåra hans.
- Sidealter – har kanskje òg hatt baldakin.
- Alter med katekismustavle, truleg frå 1621.
- Jernslegen kiste frå mellomalderen.
- Lesepult («bokstol») frå sist på 1500-talet.
- Minnestein over grava til Obristin (oberstinne) Johanna.
Du ser ikkje
- Kyrkjekunsten som er borte. Her kan det ha vore eit krusifiks, kanskje måla skulpturar av Maria eller andre helgenar, plasserte på sidealter.
- Teppa som kanskje har kledt veggene.
- Preikestolen frå 1673 og sitjebenkene som vart tekne ut i samband med restaureringsarbeida.
- Presten, som heldt messe på latin, og messekleda.
- Kyrkjelyden, med mennene til høgre og kvinnene til venstre, sett mot alteret. Gamle og sjuke kunne sitja på benker langs ytterveggen.
Du høyrer ikkje
- Messa på latin og bibelforklaringa på folkemålet.
- Kyrkjeklokkene som kalla til gudsteneste.
- Du kjenner ikkje dufta av røykjelse.