Det heilage rommet i Urnes Stavkyrkje

Det heilage rommet med svalgang, skip og korDu ser

  1. Inngangsdør med vakre smijernsbeslag.
  2. Portal (opphavleg hovudinngang), veggplankar og hjørnestav frå kyrkja som vart bygd i andre halvdelen på 1000-talet, riven i første halvdelen på 1100-tallet.
  3. «Funtehuset», der døypefonten stod før dåpshandlinga vart flytt til koret på 1700-talet. Også kalla «Konestolen». Galleriet over er frå 1701.
  4. «Krokastolen» frå 1662 («Munthe-stolen»). I mellomalderen stod det ein alterbaldakin her. Dagens sitjebenker kom samtidig.
  5. Korskilje frå 1660-åra.
  6. Tilbygg til koret frå ca. 1600. Dekorert i 1601.
  7. Mellomaldersk bispestol.
  8. Altertavle og preikestol frå 1690-åra. På alteret ein skipsforma lysestake frå mellomalderen.
  9. Døypefat montert på staven.
  10. Mellomaldersk lysekrone som heng frå taket.
  11. Loket til den forsvunne døypefonten frå 1250-1300.

På veggene

Figurar og runeinnskrifter rissa inn. Måleri frå 1600-talet.

Du ser ikkje

  • Kyrkjekunst som er forsvunnen. På Bergen museum finst det ein madonnafigur og eit mannshovud i tre.
  • To lysestakar frå Limoge i Frankrike er tekne ut av kyrkja. Den smale koropninga, truleg lik opninga du er kommen inn gjennom.
  • Presten som heldt messe på latin, og messekleda.
  • Kyrkjelyden, med mennene til høgre og kvinnene til venstre, sett mot alteret. Gamle og uføre kunne sitja på benker langs ytterveggen.

Du høyrer ikkje

  • Den latinske messa
  • Kyrkjeklokkene som kalla til messe frå det frittståande.
  • Klokketårnet på Støpulhaugen, og dei små klokkene som vart nytta i messa.
  • Du kjenner ikkje dufta av røykjelse.