Stavkyrkjene er blant dei største attraksjonane våre. Dei er unike byggverk sett i verdssamanheng. Alle har sitt særpreg, ikkje to av dei er like. I alt er det 28 stavkyrkjer att frå mellomalderen. Fortidsminneforeninga eig 8 av dei.
I Sogn forvaltar vi fire stavkyrkjer og ei steinkyrkje frå same tidsepoke: Borgund, Hopperstad og Kaupanger stavkyrkjer er plasserte rundt indre del av Sognefjorden med Urnes stavkyrkje som den eldste, rangert på UNESCO si verdsarvliste frå 1979.
På Nordvestlandet finn vi to av kyrkjene ved kysten, Kvernes og Rødven, og lengst inne i landet, i dalføra Numedal og Hallingdal ligg Nore, Uvdal og Torpo stavkyrkjer.
English
Norsk